Historikk

Olav Tenden Transport as starta som ei familieverksemd. Dei fyrste åra var aktiviteten i hovudsak knytt til ulike transportoppdrag i lokalmiljøet. Etter kvart som oppgåvene auka i omfang, har verksemda blitt meir spesialisert. Krava til miljøvennleg og forsvarleg transport, og handsaming av ulike avfallsprodukt har vorte strengare, og einså det som rasjonelt og føremålsteneleg å skilje ut Tenden Container og Gjenvinning as som eige firma med fokus på avfallshandtering. Med denne delinga har ein oppnådd større effektivitet både når det gjeld transport og avfallshandtering.

Det er ¤og ein fordel for samarbeidspartenane vårte å vite kven dei skal kontakte alt etter kva tenester eller oppdrag som skal utførast.

Transport- og miljøavdelinga utgjer til saman ein slagkraftig organisasjon som i dag kan ta på seg dei fleste oppdrag.

Olav Tenden Transport as legg vekt på å ha ein bilpark som alltid er tilpassa ulike transportoppgåver. Med tipp-, kran-, renovasjons-, skåp-, krok-, lift- og volumtransportbilar kan vi løyse dei fleste transportoppdrag.

Den norske naturen kan vere krevjande for den som skal ta seg fram med tunge eller letteare yrkeskøyrety. Likevel følet Olav Tenden Transport as seg overtydde om at vi har både mannskap og materiell til å løyse dei fleste transportoppdrag som du som kunde måtte kome med.

  • x